Fjæra settefiskanlegg
På oppdrag frå Marine Harvest Norway A/S, hadde Johansen Rør AS hadde arbeid med trinn 1 grunnarbeid og trinn 2 rørtekniske installasjonar innvendig ved nytt settefiskanlegg i Fjæra, med tilhøyrande inntaksledningar.
Bygningen ved Fjæraelva i Etne kommune består av klekkeri med 9 klekkeskap, ein startforingsavdeling med 10 kar på til saman 500 m³ og tre påvekstavdelingar – kvar av dei
med 8 kar. Anlegget er bygd som eit resirkuleringsanlegg med bruk av ferskvatn og sjøvatn. Det hentast vatn via ein 1500 meter lang inntaksledning frå Rullestadvatnet, der ledningen følg den kommunale vegen opp til Rullestadvatnet. Herifrå er det bora ein rundt 400 m lang tunnel gjennom
fjellet slik at inntaket kan leggast på rundt 5 – 10 m djup i Rullestadvatnet. Sjøvatn takast inn frå 80 m djup i Åkrafjorden via ein 600 m lang ledning
(Ø 800 mm), medan det rensa avløpsvatnet frå anlegget sleppest ut på 30 m djup rundt 75 m fra
land via en 350 m lang ledning (Ø1000).