Rosendaltunet

Tiltakshavar var Kvinnherad kommune, og det var Leigland Bygg AS som utførte byggjearbeida i totalentreprise. Utvidinga har to etasjar, og eit samla brutto areal på 5.900 kvadratmeter. Arbeidet starta sommaren 2016 og vart fullført i desember 2017.

Utvidinga omfattar 60 einerom på 28 kvadratmeter, med tilhøyrande felles stover, kjøkken, kontor, møterom, skylle- og vaskerom, kapell og eit bårerom.  Johansen Rør A/S hadde ansvaret for utvendig anlegg, sanitæranlegg, varmeanlegg og sprinkleranlegg.