Ahlsell Partner

Fra 1. august er me Ahlsell Partner!

Røyrleggjaren for deg!

Me tilbyr dei fleste røyrleggjartenester for private og bedrifter.
Klikk på Privat eller Bedrift i menyen for å lese meir om våre tjenester.

 

Minst ein gong i året bør du leike røyrleggjar

Dei fleste av oss tenkjer ikkje over det – men det er faktisk ein røyrleggjarjobb du kan og bør gjere sjølv.  Regelmessig!

Har du tenkt på alt ein etterlet seg i dusjen og vasken?  Alt fra hår til sjamporestar renn ned i røyra – og ikkje sjeldan hopar det seg opp i sluken på badet.  Spesielt i samband med feriar og liknande, så har dette ein tendens til å stivna.  I verste fall har sluken din forandra seg til ein propp med det resultatet at den er tett.  Tenk konsekvensen om du då skulle oppleve å få ein lekkasje på badet, og du ikkje har ein fungerande sluk som tek under vassmengdene?  Det kan fort verta veldig dyrt.

Unngå fuktproblemer!

Eit tydeleg signal på at sluken er i ferd med å bli tett, er at vatnet stig litt kvar gong du dusjar.  Om membranen er dårleg utført, risikerer du at vatnet går inn i konstruksjonen.  Du kan få både fukt og råteproblemer etter ei stund.

Fjern lukta!

Ein annan uheldig konsekvens av dårleg reingjering av sluken, er ubehageleg lukt.  Om restane blir liggjande for lenge, vil det begynna å lukta.  Då hjelp det ikkje med stearinlys og stemningslukter i vindaugskanten.

Regelmessig reinhald

Du treng ikkje å vera fagmann eller å bruka lang tid på å rensa sluken.  Ta på deg gummihanskar, løft opp slukrista og fjern gamle hårrestar og anna skit.  Er det mange i hushaldninga, bør dette gjerast oftare.

Å rese sluken er noko av det enklaste du kan gjera for å unngå vasskader i heimen.  Får du eit rørbrudd i eigen bolig, er det viktig at slukane er opne for å få vatnet vekk.

 

Ny nettside

Me er stolte av å ønske dykk velkommen til vår splitter nye nettside!

På nettsida kan du lese meir om oss, våre tenester, og møte våre dyktige tilsette.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller tips til våre nettsider.