VA og VVS
Me har kompetanse og erfaring til å utføra alle typar røyrleggjartenester. Me leverer alle produkt til badet ditt, og fører dei fleste kjende merkevarer. Me leverer og monterer sanitær, varme og sløkkjeanlegg til hus og hytter. Me har mykje erfaring med utvendig anlegg for vatn og avløp, og kan hjelpe deg med gode løysingar etter gjeldande regelverk.
Plastavdeling Delta
Røyr laga av plast vert tatt i bruk på stadig fleire område. Både i industrien, i kommunaltekniske anlegg og på fiskeoppdrettsanlegg, er plast blitt det dominerande materialet. Forklaringane er fleire. Plastrøyr er rimelege, har låge vedlikehaldsutgifter, lang levetid, og er svært fleksible.
I tillegg er plasten som vert brukt miljøvenleg, og kan resirkulerast.
Johansen Rør lagar produkt av polyetylen (PE), ein plasttype med veldokumenterte eigenskapar som gjer røyr eigna til mange ulike formål.
Dei siste åra har me investert fleire millionar kroner i det nyaste innan sveise- og monteringsutstyr for plastrøyr.
Til å operera det avanserte utstyret har me sertifiserte sveiserar, som skreddarsyr røyrsystem til dei fleste behov.
Johansen Rør A/S produserer PE konstruksjonar frå 20 mm – 1200 mm.
Me leverer og røyr opptil 2000 mm.
Røyra kan sveisast og har eit vidt bruksområde.
Fleksibiliteten gjer stor fridom, til dømes når det gjeld val av trasê til røyrledningar. Røyra tåler kjemikalier, alkaliske stoff og gassar.
Dei er også motstandsdyktige mot alle kjende syrer.
Fiskeoppdrettsnæringa har teke i bruk plastteknologien, og fleire smolt- og matfiskanlegg er blant våre kundar. Offentleg sektor vel i aukande grad PE-røyr både til rehabilitering av gamle anlegg og til nye utbyggingar.
Hugs at me også kan laga spesielle konstruksjonar etter dykkar ønskje – også om det skulle vera behov for sjøledningar.